Jon Fosse
Jon Fosse er 55 år gammal (fødd 29. september 1959) og er ein av våre fremste, og mest produktive, norske forfattarar og dramatikarar (Jon Fosse, 2014). Han debuterte som 23 åring og har sidan då skrive ei rekkje bøker i fleire ulike sjangrar (ibid.). I løpet av den lange forfattarskapen sin har Fosse motteke ei rekkje prisar. Blant annan Gyldendalprisen og Doblougprisen. Han er æresmedlem av Norsk Skodespelarforbond og i det Norske Samlaget, og blei i 2005 utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden (Rottem, s.a.). Spelejenta Spelejenta er ei biletbok som blei utgitt i 2009. Boka er skriven av Jon Fosse og illustrert av Øyvind Torseter. Boka er skriven på nynorsk og er eit moderne eventyr. Boka handlar om ei lita synsk jente. Jenta er heltinna i boka, og oppdraget hennar er å kome seg til faren sin som treng hjelp. På vegen dit møter ho tre hindringar. For å kome forbi hindringane spelar jenta på ei fele. Denne fella fungerer som eit magisk hjelpemiddel i eventyret. Jenta har også ei synsk evne. Når ho held hendene framfor auga ser ho ting ho treng å vite slik som kva veg ho må gå for å kome til faren sin. Boka handlar om mot og kjærleik. Om det å trasse farer for å hjelpe somme ein er glad i. Slik forteljinga er framstilt får eg som les inntrykk av at jenta og faren er veldig nær kvarandre og at dei ikkje har nokon andre. Med andre ord så er faren den viktigaste personen i livet til jenta. Forteljingar der helten eller heltinna må redde eller finne personen dei «elskar» eller som betyr mest for dei er ein veldig vanlege. Likevel skil boka seg ut fordi at det er eit barn som reddar ein voksen. Når det kjem til språket så har boka veldig mange lange setningar, og det er få punktum på sidene. Dette gjer at boka eignar seg betre til høgtlesing enn at dei yngste elevane les den sjølv. Eg mener også at det er veldig mange unødvendige repetisjonar i teksten. Dette er eit verkemiddel Jon Fosse er kjend for (Jon Fosse, 2014). Då eg fyrst las boka blei eg overraska over temaet som blir teken opp i boka. Å lese om kor mykje ei jente er villig å gjere for å finne og trøyste faren sin var ein positiv oppleving. Eg blei også litt fascinert over utfordringane som jenta møter, og korleis ho løyser dei. Dessverre så kjenner eg at det er veldig mykje eg ikkje fekk svar på. Dette gjorde at når eg hadde lese boka så sat eg igjen med veldig mange spørsmål. Blant anna om forhistoria rundt faren hennar. Eg trur at dersom eit barn hadde lese boka så ville barnet fått ei heilt anna oppleving av boka enn kva eg fekk. Dei yngste elevar vil nok ha mest fokus på sjølve forteljinga, mens eldre elevar og vaksne vil kunne sjå den medmenneskelege delen i større grad. Dette gjer at boka kan gi både store og små ein positiv oppleving, og at eg som lærar kan bruke boka i mi undervising både på fyrste og på sjuande trinn. |
Bruk av boka i undervisninga
Det er fleire måtar ein kan bruke spelejenta i undervisinga. Eg ville hovudsakleg brukt boka som ein del av den implisitte sjangerundervisinga. Implisitt sjangerundervising vil seie at elevane lærer sjangrar gjennom å møte sjangrane (Håland og Lorentzen, 2007, s. 83). Eksplisitt sjangerundervising der elevane blir presenterte for dei ulike sjangertrekka har den ulempa at det forenklar sjangeren (ibid.). Eg ville brukt Spelejente som ein modelltekst i arbeidet med eventyr for å modellere kor ulike eventyr kan vere, og at eventyr også kan vere meir moderne. Dei fleste elevar har mange erfaringar med klassiske eventyr og kjenner nok av eventyrtrekk til å gjennom dialog sjå på kva måte denne moderne biletboka er eit eventyr. Sjølv om boka skil seg frå dei klassiske eventyra kjem det tydeleg fram allereie på fyrste side når boka startar med «det var ein gong». Tretalslova kjem også veldig synleg fram gjennom hindringane jenta må forbi. Fyrst møter ho fjellet, deretter møter ho den våte og skitne hengemyra, og til slutt møter ho havet. Jenta har også eit magisk hjelpemiddel som også er vanleg i eventyr. Eg ville ikkje brukt mykje tid på å trekkje fram sjangertrekka sidan dette kan yte til at elevane heng seg for mykje opp i alle sjangertrekka. Hovudfokuset i undervisinga ville vere å få fram at som forfattar har ein store fridomar innanfor ulike sjangrar, inkludert eventyrsjangeren som for mange kan vere ein veldig klassisk og «fastsette» sjanger. Vidare ville eg utfordra elevane til å skrive eigne eventyr med ein moderne vri. Implisitt sjangerundervising kan gjerast både på mellomtrinnet og på småtrinnet. Eg har tidlegare, med stor suksess, hatt samtale om eventyr med fyrsteklassingar og vore sekretær når fyrsteklassingane sjølv diktar eventyr i plenum. Kjelder:
|